Jobb-id: 2629393, Registrert: 24.06.2020

Oppføring av tilbygg til Huset i Hjellen, Frøysjøvegen 2069

6723 Svelgen

Det skal oppførast eit tilbygg til eit våningshus i Bremanger. Tilbygget er på eit plan og vil innehalde stove, gang, soverom og bad. Bygget er tegna av iVest Consult i Florø.
Alt grunnarbeid er ferdig med plate i betong, rør og varme.
Arbeidet vil bestå i å sette opp tilbygget på ferdig plate og få dette tett, helst til vinteren. I vedlegga er det to modellar som viser utforminga av tilbygget, fasadar og plantegning. Plan er noko endra i forhold til vedllegget. Merk at arbeidet kun omfattar tilbygget - renovering av våningshuset inngår ikkje.
Det er vanskeleg å gje ei fullstendig beskrivelse av arbeidet i ein kort tekst som dette, men eg set meg gjerne ned saman med firmaet ditt og går gjennom planar og arbeid i detalj med tanke på eit best mogeleg grunnlag for å regne ut omfang, tid og kostnad.
Eg har eit hus like ved og kan slik ordne med skikkeleg buforhold i tilfelle arbeidsvegen vert for lang til at det er fornuftig med reise fram og tilbake kvar dag.

Jobbtyper

  • Entreprenører

    • - Entreprenører
  • Større prosjekter

    • - Tilbygg til eksisterende bolig

Vedlegg

Ønsker du å få gjort det samme?

Eller er det kanskje andre ting du ønsker å få gjort? Uansett bør du legge ut jobben på Mittanbud og få tilbud fra flere dyktige fagfolk.

Legg ut jobb