Jobben ble utført på Mittanbud

Bytte ut diverse golv

Hei! Vi ønsker å bytte ut diverse golv i leilegheita vår på Møhlenpris. Vi har allereie byrja med eit golv (stove/gang). Det vidare arbeidet må av praktiske årsaker (vi bur her, med alle tinga våre!) gjerast i tre ulike etappar (1, 2, 3). Vi ønsker at tilbodet skal spesifisert etter punkta under her, i tilfelle vi bestemmer oss for å ikkje gjennomføre alle etappene på ein gong. 1. To soverom på cirka 6 og 8 m2. Alle golva har i dag eit linoleumsbelegg med sponplater under. Eit tilsvarande arbeid i eit anna rom i same etasje avdekka behovet for å bytte ut sponplatene og legge ned ein slags trelister ved jamne mellomrom til å skru dei nye sponplatene ned i. I dag ligg nemleg sponplatene og «flyter» oppå isolasjonen, utan noko å feste dei i. 2. Eit soverom på cirka 14 m2 + eit lite kott på cirka 2 m2. Sjå elles informasjon om golva i dei to andre soveromma over. 3. Eit stovegolv i loftsetasjen. Det står 30 m2 i takstdokumentet vårt, men sidan det er mykje skråtak, kan det hende at sjølve golvarealet er noko større. Dette golvet har også eit linoleumsbelegg, men utover dette er det litt usikkert kva som er under. Tidlegare eigar har fortalt oss at ein ikke har gjort noko med dette golvet på veldig lenge. Golvet er særs ujamt. Det er truleg at heile golvet må leggast på nytt, heilt ned til bjelkelaget. - Ekstra: Vi vurderer her om vi også skal gjere noko med to små loftskott vi har knytt til dette rommet. Vi ønsker at de vurderer kva som bør gjerast og kjem med tilbod om dette separat. Vi ønsker at arbeidet skal inkludere: a. Ta bort dei gamle golvbelegga og gamle sponplater/eventuelt anna som må fjernast. b. Bygge opp undergolva på nytt etter behov. Vi har over skissert kva vi veit, men her må de vurdere kva som bør gjerast. c. Legge nytt «overgolv» (laminat + underlag) og legge nye lister. I utgangspunktet tenker vi å kjøpe inn laminat, underlag og nye lister på førehand. Andre materialkostnader (inkludert sponplater), vil vi gjerne at blir inkludert i tilbodet i den grad det er mogleg. Det er ønskeleg at de som er interesserte kjem på befaring for å vurdere golva før de kjem med eit tilbod. Då kan vi også avklare det som eventuelt måtte vere uklart i det eg har skrive over her. Takk og helsing, Martin

Denne jobben ble utført på Mittanbud den 8. aug 2020, under kategorien Snekker og Tregulv i Bergen

Website logo

Trenger du hjelp i samme område?

Nedenfor finner du informasjon om disse kategoriene i dette området.

Skal du i gang med et prosjekt?

Planlegger du et nytt prosjekt, men er usikker på hva som skal til for å få jobben gjort? Hos oss kan du med enkle grep legge ut jobben helt gratis og motta relevante og uforpliktende tilbud fra flere bedrifter.

1

Beskriv prosjektet

Fortell oss hva du trenger hjelp til, og vi sender ut prosjektet til relevante bedrifter.

2

Motta tilbud

Etter kort tid vil du få uforpliktende tilbud fra bedrifter og fagfolk som er interessert i å hjelpe deg.

3

Sett i gang!

Sjekk tilbudene du har fått, og velg riktig bedrift for jobben. Når jobben er gjort, kan du legge inn en evaluering.

Ikke helt det du lette etter?

Nedenfor kan du lese mer om noen av tjenestene du kan få hjelp med gjennom oss.

Få jobben gjort med Norges største anbudstjeneste