Jobb-id: 2743270, Registrert: 14.10.2020

Elektrikar til byte av taklampe, samt byte/nye stikk og brytarar

5010 Bergen

Ynskjer prisoverslag og/eller fastpristilbod for
- byte av taklampe (har ny lampe),
- opplegg av 3 nye dobbelstikk i stove (ELKO plus-variant),
- etablering av brytar til ringeklokke/portåpner,
- byte av 16 stikk og 5 brytarar til ELKO Plus-dobbelstikk og -brytarar.

Ber om eitt prisoverslag/konkret tilbod på sjølve arbeidet inkl. moms, samt eitt prisoverslag/konkret tilbod på arbeidet, materiell og moms.

Leilegheita ligg i på Nøstet i Bergen sentrum. Bygget var nytt i 2009 og oppfyller dågjeldande bygningsmessige krav. I leilegheita er det dels lettveggar (indre veggar) og dels (antatt) betongveggar (ytre veggar). Vedlagte bileter syner leilegheita sin beskaffenheit, samt nokre av dei brytarar/stikk som ynskjast byta.

Type stikk/brytarar som ynskjast lagt opp/bytta til:
https://www.eldirekte.no/elko-plus-kronevender-serievender-bryter-innfelt/cat-p/c/p10632719
https://www.eldirekte.no/elko-plus-dobbel-stikkontakt-m-jord-innfelt/cat-p/c/p10632608

Arbeidet ynskjast primært gjennomført mellom 9. desember og 20. desember, subsidiært i løpet av februar 2021.

Berre tilbydarar med meistarbrev og registrert firma i Einingsregisteret vert vurdert. Forbrukarrådet si skriftlege standardkontrakt for forbrukarkjøp av handverkartenestar vil verte nytta. Attest og dokumentasjon på utført arbeid skal vere kjøpar i hende ved fullføring av oppdraget.

Ta gjerne kontakt per telefon eller e-post. Viss De kjem til mobilsvarar - legg att melding, så tek eg snarleg kontakt.


Venleg helsing

Fredrik

Jobbtyper

Vedlegg

Ønsker du å få gjort det samme?

Eller er det kanskje andre ting du ønsker å få gjort? Uansett bør du legge ut jobben på Mittanbud og få tilbud fra flere dyktige fagfolk.

Legg ut jobb