Jobben ble utført på Mittanbud

* Fortsatt ledig: 4 kv-m bad i Trondheim: Renovering inkl. sluk, golvvarme, vegghengt toalett.

Oppussingsprosjekt: Bad i Griffenfelds gate Kostnadsramme: litt i overkant av 100 000,-. Eg har 100 000 kroner som kan brukast til dette føremålet. Sidan eg ikkje er sikker på kor mykje ting vil koste, har eg sett opp delane av prosjektet i prioritert rekkefølgje. Eg vil gjerne ha tilbakemelding om kor mykje kvar del av prosjektet kostar, slik at eg eventuelt kan revurdere denne prioriteringa. Om rommet: Bygd 1957. Golvflata er 118cm x 188cm, takhøgda 220 cm. Det finst to stikkontaktar og éi lampe i rommet. Ligg i første etasje i blokk av betong – uoppvarma kjellar under. Keramiske fliser på golvet. Malte betongveggar. Vassklosett, servant med underskap og veggmontert dusj – servant og dusj kopla til varmtvasstank på andre sida av betongveggen. Sluk i golvet – godt fall mot dette slik rommet er i dag. Sentralavtrekkventil på veggen, luftespalte i døra. Tilsynelatande himling av gips (?) mellom rommet og betonggolvet i etasjen over; rommet mellom himlingen og naboens badegolv let til å vere del av sentralavtrekksystemet. Dør ganske midt på en eine langveggen. Sett frå døra er venstre tredjedel av rommet til toalett, midten til servant, og høgre tredjedel dusjsone. Prioritet 1: Golvet. Installere forskriftsmessig tilkopling til avløp: Avløpet til badet er kopla til felles avløpsrøyr med ein sluk som er utan klemring og som har utlevd den forventa levetida si. Dette er det einaste ved badet som trekk ned i takstrapporten om leilegheita. Eg ønsker at tilkoplinga til det felles avløpsrøyret blir oppgradert med ein sluk som svarer til dagens tekniske krav. Legge varme i golvet: Eg vil gjerne vite kva moglegheiter som finst for varme i golvet og kva dei vil koste. Kravet er kort og godt at golvet må bli varmt – per no er det i periodar uuthaldeleg kaldt – og at dette må ordnast slik at golvet framleis har greitt fall mot sluket i dusjsona og at det er mogleg å dusje rett på golvet. Det elektriske anlegget i leilegheita er underdimensjonert frå før, så det må openbart inn ein elektrikar for å lage ei ny sikring for oppvarmingsløysinga, enten det blir varmekablar/folie, vassboren varme, eller noko heilt anna. Ved vurdering av vassboren varme, sjå siste punkt på denne lista (direktevarmar). Legge fliser eller vinylbelegg: Fliser eller vinylbelegg skal leggast slik at dusjsonen ligg på eit eige nivå nokre cm lågare enn resten av badet, for at vatn frå dusjen ikkje skal renne ut av dusjsonen. Merk at det _vil_ bli dusja direkte på golvet – rommet er for lite til at dusjkabinett er aktuelt. Eg vil gjerne vite kva det vil koste å legge vinyl kontra kva det vil koste å legge fliser – prisen på vinylbelegget og flisene ikkje medrekna. Skifte ut slukrist: Sidan golvet likevel skal opp, kan det tenkast at rista i sluket uansett må skiftast ut – i så fall kan det tenkast at eg vil bytte ho ut med ei som passar saman med resten av innreiinga. Eg vil gjerne vite kor mykje dette eventuelt vil koste. Prioritet 2: Vegghengt toalett: Eksisterande toalett står på golvet. Når golvet likevel skal takast opp, ville eg gjerne hatt dette skifta ut med eit vegghengt toalett. Sidan veggen er av betong og sannsynlegvis berande, går eg ut frå at dette må gjerast ved hjelp av innkledd kasse utanpå veggen til sisterna osv. Planen er å montere/bygge veggskap med tilsvarande mål som kassen vidare oppover veggen for å utnytte plassen i rommet best mogleg. Eg vil gjerne vite kva moglegheiter som finst her, kor mykje dei vil koste, og kva mål eventuell innkledd kasse vil ha. Prioritet 3: Veggar og innreiing Glatte veggar og tak: Rommet ville hatt godt av ei maling med relativt høg glansgrad. Dette er for augeblikket umogleg å gjere med eit godt resultat, sidan betongveggen er ganske ruglete. Eg vil at veggane og taket pussast eller sparklast glatte, slik at dei kan malast blankare. Eg vil vite kor mykje dette vil koste. (Grunnings- og malingsutgifter treng ikkje reknast inn – det vil eg gjere sjølv.) Montering av servant med vegghengt underskap: Når golvet likevel skal opp, må underskapet til servanten uansett fjernast. Det noverande servantskapet står på bein på golvet. Det er upraktisk ved reingjering. Eg vil derfor ha skifta ut både skapet og servanten med ei tilsvarande vegghengt løysing med servant og skuffer. Dette vil eg gjerne ha montert. Kva modell det skal vere, diskuterer vi nærmare. Oppheng til skap, lys og handklestenger: Det skal som nemnt over opp eit skap over vegghengt toalett med ca. same mål som sisternekassen eg reknar med må følgje med. I tillegg skal det opp eit spegelskap på veggen midt imot døra, mellom toalett og dusjsone. Spegelskapet skal ha lampe. Skapa og lampe kan eg skaffe sjølv, men eg vil gjerne ha veggfeste til skapa og straum til lyset. Eg vil også ha ordna oppheng til to nivå med handklestenger på kortveggen ved toalettet og på veggen ved sida av døra, rett ovanfor toalettet. Mål til desse avtaler vi nærmare. Utskifting av dusjarmatur Dusjarmaturet som finst på badet i dag er utmerkt, men viss det blir rom for det i budsjettet, vil eg kanskje skifte det ut med eit som er penare, kort og godt. Eg vil gjerne vite kor mykje det kostar å skifte armatur. Prioritet 4: Skifte ut varmtvasstank med direktevarmar Varmtvasstanken i leilegheita er i minste laget – samtidig tar han opp eit heilt underskap på kjøkkenet, der plass er mangelvare. Eg vil derfor vite kva moglegheiter som finst for å fjerne varmtvasstanken og i staden kople vaskeservant og dusj på badet, samt vasken på kjøkkenet (på andre side av veggen) til ein direktevarmar av typen som t.d. Coax leverer (jf. coax.no). Eg vil vite - korleis dette eventuelt kan gjennomførast, - kva det vil koste (inkl. fjerning av varmtvasstanken), - om det er lurt å gjere det i samanheng med vassboren varme i golvet, - kor på badet varmeelementet kunne vore tenkt plassert.

Denne jobben ble utført på Mittanbud den 26. aug 2021, under kategorien Helrenovering av badog ble utført av ORKLAND VVS AS i Trondheim

Trenger du hjelp i samme område?

Nedenfor finner du informasjon om disse kategoriene i dette området.

Kunden valgte ORKLAND VVS AS for å utføre jobben

ORKLAND VVS AS har utført jobber gjennom Mittanbud og har i gjennomsnitt 4.9 av 5 stjerner.

Skal du i gang med et prosjekt?

Planlegger du et nytt prosjekt, men er usikker på hva som skal til for å få jobben gjort? Hos oss kan du med enkle grep legge ut jobben helt gratis og motta relevante og uforpliktende tilbud fra flere bedrifter.

1

Beskriv prosjektet

Fortell oss hva du trenger hjelp til, og vi sender ut prosjektet til relevante bedrifter.

2

Motta tilbud

Etter kort tid vil du få uforpliktende tilbud fra bedrifter og fagfolk som er interessert i å hjelpe deg.

3

Sett i gang!

Sjekk tilbudene du har fått, og velg riktig bedrift for jobben. Når jobben er gjort, kan du legge inn en evaluering.

Ikke helt det du lette etter?

Nedenfor kan du lese mer om noen av tjenestene du kan få hjelp med gjennom oss.

Få jobben gjort med Norges største anbudstjeneste