Jobb-id: 3128458, Registrert: 16.11.2021

Oppgradering av råkjellar/vaskerom, til vaskerom/bad

5538 Haugesund

Oppgradering av råkjellar-vaskerom, 4,08m x 2,93m.

Huset er frå 1958, kjellarmur av betongblokker med innvendige kanalar, bygd på betongplate. Drenering er fornya og muren er isolert med 10cm XPS utvendig, med knotteplast under bakkenivå og murpuss-system over bakkenivå.

Me ynskjer å skifte avløpsrøyr. Nytt røyr er lagt fram til innvendig i kjellarmur og kopla saman med den gamle med muffe.
Golv må minimum meislast opp der det skal skiftast røyr og støypast nytt.

Følgjande nytt skal inn:
Dusjkabinett med avtrekk
Vegghengt toalett
Ny utslagsvask
Ny tilkopling & avløp for vaskemaskin
Mogeleg utlufting frå tørketrommel.
Ny varmtvassberedar

Nye overflater gulv og veggar. Eventuelt tak.

Jobbtyper

Vedlegg

Ønsker du å få gjort det samme?

Eller er det kanskje andre ting du ønsker å få gjort? Uansett bør du legge ut jobben på Mittanbud og få tilbud fra flere dyktige fagfolk.

Legg ut jobb