Jobb-id: 731550, Registrert: 30.10.2014

Fornye isolasjon og drenering rundt grunnmur, senking av terreng og steinlegging

5538 Haugesund

Me ynskjer å få utført fornying av dreneringa rundt huset vårt. Huset er bygd i 1958. I forbindelse med dette ynskjer me også å senke terreng under vår noverande terrasse, samt steinlegge arealet av tomta som no er dekka av grus. Noko av det enklare arbeidet, samt klargjering, ser med for oss å utføre sjølv i samarbeid med entreprenør.

Lengda langs grunnmur som skal gravast opp er ca. 35 m. Arbeidet skal utførast i h.h.t. Byggforskserien 514.221, inkl. isolasjon, sperresjikt, drensledning og takvassledning. Gamle masser må skiftast ut med nye drenerande masser.

Ein kum er plassert under terrassen, denne må flyttast.

Terrenget under eksisterande terrasse skal senkast ca. 1,5 m då me tenkjer å støype ei plate her og nytte plassen til lagring. Arealet er ca. 25 m2. Massene må køyrast bort.

Oppkøyrsel og parkering er i dag gruslagt, dette skal steinleggast, ca 225m2. Noko av den enklare jobben kan me gjere sjølve.

Me ynskjer befaring og spesifisert tilbod før kontrakt skrivast.

Jobbtyper

  • Anleggsgartner og grunnarbeid

    • - Belegningsstein
    • - Utgraving/Planering
  • Maskinentreprenører

    • - Drenering/Isolering
    • - Utgraving/Planering
  • Mur og betong

    • - Belegningsstein
  • Snekker / Bygningshåndverkere

Vedlegg

Jobben ble utført av:

KRISTOFFER AUNE AS

Den einaste som tok målingar av fuktnivå inne i kjellar. Han gav ikkje den heilt lågaste prisen, men var konkurransedyktig, kommuniserte godt og hadde ei god forståing av jobben. Han gav daglege oppdateringar av utført arbeid og planen vidare. Fekk også oppdatering midtvegs ang. kostnad og enda litt under tilbodet, trass litt uforutsett.
Evaluering:
Arve, Haugesund 5 måneder siden

Ønsker du å få gjort det samme?

Eller er det kanskje andre ting du ønsker å få gjort? Uansett bør du legge ut jobben på Mittanbud og få tilbud fra flere dyktige fagfolk.

Legg ut jobb