NORDFJORD VEGSERVICE AS

5.0 (1 evaluering)
  • OM OSS
  • EVALUERINGER
  • ANSATTE
  • KVALIFIKASJONER
  • KONTAKT
Send melding
Vis telefon
  • Stranda 25, 6776 Kjølsdalen
  • Åpner Mandag kl. 07:30

NORDFJORD VEGSERVICE AS

NORDFJORD VEGSERVICE AS

Nordfjord Vegservice er eit entreprenørfirma etablert i Kjølsdalen i 2010. Og driv med entreprenørtenester innan vegvedlikehald om sommar og vinter, gravearbeid, massetransport og trafikkdirigering. Vi tar også på oss betong og snikkararbeid. Arbeidsområdet er Nordfjord og omegn. Pr. August 2020 er vi 9 fast tilsette, og har 3-4 lokalt innleigde med i arbeid. Forventa årsomsetning i år ligg mellom 15-20 millionar.
Vi er ein lokal entreprenør som setter yrkesstolthet og kvalitet høgt, og leverer alltid ifra oss eit godt produkt til kundane, vi er også ein seriøs aktør som kundane skal kunne stole på.
Våre kundar er Privatpersonar, små og store bedrifter, kommune og stat.
Her er eit utvalg av kva jobbar vi kan hjelpe deg med:
- Naturstein muring.
- Drenering og etterisolering.
- Tømming og godkjent fjerning av oljetankar.
- Opparbeiding av garasje og hustomter.
- Forskaling og betongarbeid
- Tømmrararbeid
- Opparbeiding av grøntareal
- Asfaltsaging
- Planering og avretting for legging av asfalt.
- Belegningstein og kantstein.
- Legging av infrastruktur som straum, tele, fiber, vatn, avløp,
- Arbeidsvarsling
- Arbeidsvarslingsplanar
- Innsending av graveløyve og nærføringstillatelsar
- Innmåling av grøftetrasser eller punkt med GPS
- Sanering/Riving
- Brøyting og strøing

Vi ser fram til å høyre ifrå dykk, og kjem gjerne på gratis synfaring for ein gjennomgang av jobben.

Evalueringer

Ansatte

Kvalifikasjoner

  • Åpner Mandag kl. 07:30

Kontakt bedriften