Hei!
Vi held til flotte og nye lokaler på Bruland i Førde, og tilbyr bilberging, redningstenester og veghjelp i Sunnfjord, Sogn og omegn. I tillegg tilbyr vi båtberging / heving og kranbil for løft og transport.
Som utøvar for Redgo (tidl. Falck Redning) og NAF Assistanse hadde vi i starten – på lik linje med i dag – avtale med alle forsikringsselskap på tungberging og lettberging.
Dette har heile tida vore eit fortrinn for Førde Bilberging AS. Satsinga på moderne utstyr kombinert med høg grad av service og utdanna personell har resultert i at oppdragsmengda har auka jamnt sidan starten. Hausten 2010 vart me i tillegg utøvar for Viking Redningstjeneste. I dag etter åra med innkøyring og opparbeiding av arbeidsmengd kan vi tillate oss å sei at vi no er den leiande aktøren på bilberging i Sogn og Fjordane. I tillegg er vi no representant for SOS International, etter at dei kjøpte seg inn i NAF Veihjelp hausten 2014.
Vi har i dag samarbeid med:
• Redgo (tidl. Falck Redning)
• Viking Redningsteneste
• NAF Veihjelp
• SOS International
• Politiet og andre nødetatar
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller trenger hjelp.
Med vennlig hilsen.
Førde Bilberging AS
Telefon: /95 89 17 72 vakt tlf 24/7 97008082
Andres erfaringer med FØRDE BILBERGING AS
Kunder av FØRDE BILBERGING AS har gitt følgende evalueringer
Transport av Bil/Båt/Maskin - Fra 5527 - Haugesund til 6977 - Bygstad - Etter 17.03.2025
Perfekt bil og sjåfør.
Fekk òg sett dei på ein tolmodigheitsprøve då vedkomande som formidla nøkkel til gravemaskin hadde sovna frå både tel og avtale. Saman med arbeid i tunnel landa vi på tre timar ekstra og leveranse i halv tre tida på natt.
Supernøgd med Forde Bilberging!