Jobben ble utført på Mittanbud

Undergolv - snekker

Hei! Vi er plaga av mykje knirking i kantane på golvet i hovudrommet i leilegheita vår, som til saman utgjer gang og stove. I samband med at vi skal skifte "overlaget" på golvet (til laminat), ønsker vi å gjere noko med dette. Vi har teke vekk eit lag med linoleum, og under dette ligg det eit lag med sponplater som vi har prøvd å feste noko betre (med skruer), men utan at det har endra noko på knirkinga. Vi er redd vi må ta opp og gjere noko med bjelkelaget under. Vi veit i det heile teke lite om kva som ligg under sponplatene. Dette er litt utanfor vårt kompetanseområde, og vi treng difor hjelp til: - å vurdere kva som bør gjerast - og å eventuelt gjere den jobben som trengst med undergolvet. Vi kan i utgangspunktet legge på sponplater, laminat og lister igjen sjølve, men det kan vere aktuelt å be om hjelp til dette også, så vi vil vere interesserte i ein pris på dette arbeidet også. Rommet er cirka 22 kvadratmeter golvareal. Det er ikkje "firkanta". "Gang"-delen av rommet har to "avstikkarar" - ein som går inn til eit soverom og ein inn til til bad/do. I stovedelen ligg litt av golvet under trappa, men er elles "firkanta". Fortrinnsvis ønsker vi nokon som kan gjere jobben så snart som mogleg. Det er litt kronglete å bu på sponplater. Arbeidet må i alle høve vere ferdig før 10. august.

Denne jobben ble utført på Mittanbud den 2. jul 2020, under kategorien Snekkerog ble utført av ACG BYGGSERVICE AS i Bergen

Website logo

Trenger du hjelp i samme område?

Nedenfor finner du informasjon om disse kategoriene i dette området.

Kunden valgte ACG BYGGSERVICE AS for å utføre jobben

ACG BYGGSERVICE AS har utført jobber gjennom Mittanbud og har i gjennomsnitt 5.0 av 5 stjerner.

Evaluering fra kunde

Undergolv - snekker

Vi trong "plutseleg" hjelp med hovudgolvet i leilegheita vår, då det viste seg at undergolvet ikkje var så stabilt som vi hadde trudd midt i eit oppussingsprosjekt. ACG/Costel kom på befaring og gjorde eit godt inntrykk på oss. I tillegg kunne han gjere arbeidet relativt raskt, noko som var viktig for oss på dette tidspunktet. Han var tydeleg i kommunikasjonen på kva som var inkludert i tilbodet og kva som eventuelt kunne bli av ekstrautgifter. Vi opplevde han som ærleg med oss, og som ein visste kva han dreiv med. Arbeidet blei gjort til avtalt tid, og med god kvalitet. Vi bruker gjerne dette firmaet igjen.

Skrevet av Martin

juli, 2020

Skal du i gang med et prosjekt?

Planlegger du et nytt prosjekt, men er usikker på hva som skal til for å få jobben gjort? Hos oss kan du med enkle grep legge ut jobben helt gratis og motta relevante og uforpliktende tilbud fra flere bedrifter.

Ikke helt det du lette etter?

Nedenfor kan du lese mer om noen av tjenestene du kan få hjelp med gjennom oss.

Få jobben gjort med Norges største anbudstjeneste